Kval i våg!

Kvalfestivalen 2009 vart ein knakande suksess.

width="500"

 

Bilete

Her ser du bileter frå folkelivet og dagen i Vågen

Her er nokre bileter frå Kvalspelet

—–***—–

Eldre tekst:

—–***—–

Skogsvåg Ungdomslag skipar til Kvalfestival sundag 23.august  2009 klokka 12.00. Sett av dagen til nokre innhaldsrike timar i Kvalvågen!

Siste nytt:  Vi har nettopp fått stadfesta at kvalskuta “Olavson” frå Fedje kjem til festivalen og at der vil vera råd å kjøpa kvalkjøt! Dette selges kilovis og vil vera i tillegg til det grilla kvalkjøtet som serverast.

Kvalfangst i Skogsvåg har ein long og unik historie. I “Årbok frå Skogsvåg 2008″ skriv Sverre Sangolt i kapitlet “Kvalvågen, ein arm av Skogsvåg”:

“Kvalvågen er ein sidearm av Skogsvågen, og truleg er det kvalfangsten som har gjort Skogsvåg vide kjent. I engelske og hollandske kart frå slutten av 1600-tallet kan ein sjå at “Scogges wag” er avmerka på vestsida av Sotra.

Kvalvågen startar i Stekasundet og går mot sør, den er 1250 meter lang og rundt 160 meter brei. Namnet kjem av at her har vore avliva kval i uminnelege tider, og den siste vart tatt måndag 20.juni 1960.”

 bilete6

bilde41