Praktisk informasjon

  • Kvar er festivalen?

Kvalfestivalen arrangerast i Kvalvågen i Skogsvåg i Sund kommune. Ein kjem seg hit ved å kjøra på RV 555 mot Klokkarvik, det er ca. 30 minutter frå Bergen sentrum. Er du ikkje kjent i det heile: Køyr over Sotrabrua, fortsett forbi Sartor Senter. I rundkøyringa etter Kolltveittunnelen, tar ein til venstre og fortsett på RV 555. Når ein kjem til Sund kommune og kommunesenteret, fortsett ein til venstre mot Klokkarvik og kjem til festivalstaden etter eit par minuttar.  Det vil bli skilta på festivaldagen

  • Kva med parkering?

Det vil bli parkering ved Sotra Vidaregåande skule, som er ca. 500 meter frå Kvalvågen. Her vil det bli gratis skyttelbuss for dei som treng det, men det er berre ein kort spasertur for dei sprekaste av festivaldeltakarane.

  •  Føregår alt utandørs?

Ja, festivalområdet er under åpen himmel, så kle dykk etter veret. Vergudane har vore på lag med oss dei to forrige festivalane, vi får håpe dei er snille med oss også i år!

  •  Kva med billettar?

Det vil bli sal av billettar ved inngongen, og det er plass til alle!  Men med oppmodar dykk om å kjøpe billettar på førehand, dette kan gjerast på fylgende stadar frå 23.juni:

- Kiwi i Skogsskiftet

- Statoilstasjonen i Skogsskiftet

- Ved hendvending til kvalfestival@gmail.com

  • Kva skjer denne dagen?

 Som ved dei førre fesitvalane, vil det vera eit spannande og innhaldsrikt program. Flere detaljar kjem, følg med, følg med!

  • Får eg slukkja tørsten og svolten?

Utan mat og drikke… Det vil sjølvsagt bli servering på festivalen, all prat blir hyggjelegare over ein kopp kaffe! Og som seg hør og bør på en kvalfestival, blir det moglegheiter for å kjøpe gode porsjonar med kvalkjøt og tilbehør! Også anna mat, båe søtt og salt, vil vera mogleg å kjøpa på Kvalfestivalen.

  • Kven passar festivalen for?

Vi ynskjer at dette skal vere ein festival der alle føler seg velkomne, både liten og stor, stril og bymann.

  • Kan alle komma til på festivalområdet, uavhengjig av funksjonsevne og helsetilstand?

Vi gjer vårt beste for å leggja til rette for alle, og det går ganske greit å køyra f.eks. barnevognar på området. Det er sittjeplassar for nesten alle, her kan ein sittja både under det kulturelle programmet og i “matpausen.”  Det er vil sjøvsagt vere toaletter på staden, og dessuten vil det vera ambulansepersonell på staden.

Har du fleire spørsmål? Nøl ikkje med å ta kontakt på kvalfestival@gmail.com