Program

Programmet startar  kl 12.15, og vi be alle om å finna ein plass foran sceneområdet så snart de kjem til festivalområdet. Festivalprogrammet delast ut på festivaldagen, og vi kan lova ein innholdsrik dag for alle dykk som tar turen til Kvalvågen. Nokre stikkord:

  • Spektakulært spel
  • Spennende historiar frå vår nære fortid
  • Song og musikk
  • Utstilling med biletskattar og kvalkuriositetar
  • Sal av kortreist mat
  • Kvalkjøt på grill
  • Båttur i vågen
  • Aktivitetar for store og små

Program

Kl.12.15
Tåkelurfanfare – signal for opning av festivalen.

- Velkomen
- Allsong: «Nordmannen» av Ivar Aasen
- Tambur Rolf K. Seldal
- Prolog
- Kvalvågen i eit nasjonalt bilete.Ved Ole Egil Øen
- Ungane ved Skogsvåg skule syng
- Fangsten og historiane frå Kvalvågen. Ved Johannes Høyland.
- Kvalfangsten, nesten eit eventyr. Ved Sverre Sangolt. Musikk: Bjørnar Sangolt

Ca kl. 13.30
Aktivitetar i heile området

- Kvalbiffpå grill
- Historisk utstilling, kvalfangsten
- Sal av kortreist mat
- Båtur på vågen
- Demonstrasjon av kvalboge
- Fisketank med levande fisk

Ca kl 15.00
Tåkelurfanfare – signalet går for andre del av programmet.

Det blir musikalske innslag frå
- Sund Toraderklubb
- Sund Brass
- Robert Smith- Hald
- Steinslandsgjengen

 

Som de ser, blir det allsong fyrst i programmet. Kanskje ein idè å starta øvinga allereie no?

Nordmannen

Tekst: Ivar Aasen

1. Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

 

2. Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»

 

3. Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

4. Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

 

 

 

 

5. Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.